Bergen tingrett er Noregs største fullfaglege domstol. Det er 20 kommunar med om lag 450 000 innbyggjarar i rettskrinsen, og embetet har kontorstad i Bergen tinghus. Dei dømmande oppgåvene til domstolen er i hovudsak å avgjera straffesaker og å løysa tvistar. Forvaltnings- og registreringsoppgåvene er mellom anna dødsfallsregistrering, skriva ut skifteattest og notarialforretningar. Tingretten har 103 medarbeidarar og er leia av sorenskrivar.

Ledige åremål som fast forsvarar ved Bergen tingrett

Det er ledig tre verv som fast forsvarar ved Bergen tingrett og Gulating lagmannsrett. Forsvararen er knytt til rettskrinsen, og vervet omfattar oppdrag for begge rettsinstansane.

Vervet er personleg og omfattar plikt til å gå inn i turnusordninga for faste forsvararar ved Bergen tingrett, også i ferieperiodane og lørdagar.

Vervet som fast forsvarar skjer på åremål for 6 år, med moglegheit for ny oppnemning. Ny oppnemning ut over éin periode kan berre skje når særlege grunnar tilseier det. Det gjeld ein gjensidig frist for oppseiing av vervet på 3 månader. Den øvre aldersgrensa for faste forsvararar er 70 år.

Det blir lagt vekt på relevant praksis, faglege kvalifikasjonar og at ein er personleg eigna. Det blir òg lagt vekt på at søkjaren har kontorstad i rettskrinsen. Mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner blir vektlagt.

Spørsmål kan rettast til Bergen tingrett ved sorenskrivar Arne Henriksen, telefon 55 69 98 21. 

Send søknad med CV, vitnemål og attestar gjennom www.jobbnorge.no. Alle attestar og vitnemål må skannast og leggjast ved i eitt elektronisk vedlegg.