/Global/Advokatjobb/domstol.gif

Konstitusjon som sorenskrivar ved Bergen tingrett

Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.
 
Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.
 
Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.
 
Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.

Det blir ledig ein konstitusjon som sorenskrivar ved Bergen tingrett. Konstitusjonen har ein varigheit på inntil eitt år, med moglegheit for forlenging ut over eitt år. Bergen tingrett har 44 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 100 årsverk. Domstolen er organisert i fire dømmande avdelingar og ein avdeling med saksbehandlarar. Domstolen er lokalisert i Bergen tinghus.

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. Vi syner elles til Innstillingsrådet sitt Praksis/Policynotat, kap. 5, ”Lederkriterier i norske domstoler”.

For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Lønna som domstolleiar (50-99,9/>100 årsverk) er per i dag kr. 1 390 000,-/ kr. 1 486 000.

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2%.

Ytterlegare opplysingar om embeta kan ein få ved å kontakte:

  • Innstillingsrådet v/sorenskrivar Yngve Svendsen, tlf. 38 17 63 00.
  • Domstoladministrasjonen v/ avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 25. oktober 2017

Domstoladministrasjonen

Telefon: 73 56 70 00

E-post:

Web: www.domstol.no

Relaterte stillinger