/Global/Advokatjobb/domstol.gif

Konstitusjon som lagdommar ved Gulating lagmannsrett

Gjennom den selvstendige stillingen og den høye faglige kvaliteten er domstolene samfunnets fremste konfliktsløsningsorganer. Domstolene bidrar til vern av den enkeltes rettigheter. Et viktig mål for domstolene er å skape tillit i befolkningen ved forsvarlig, upartisk og effektiv dømmende virksomhet.
Dommerarbeidet stiller strenge krav til faglig dyktighet, personlig egnethet og bred yrkes- og livserfaring.
Det er et sentralt personalpolitisk mål at de ansatte i domstolene skal ha en variert erfaringsbakgrunn og gjenspeile befolkningssammensetningen generelt - både når det gjelder kjønn og kulturelt mangfold.

Det er ledig ein konstitusjon som lagdommar i eitt år ved Gulating lagmannsrett. Tiltredring etter nærare avtale. Domstolen blir leia av ein førstelagmann og har elles 31 lagdommarar, ein jordskiftelagdommar, fem utgreiarstillingar, ein stilling som jordskifteutgreiar, administrasjonssjef, sekretariatsleiar og 18 saksbehandlarstillingar. Lagmannsretten er organisert i to dommaravdelingar, sekretariat og fellestenester. Domstolen held til i rettsbygning sentralt i Bergen.

Domstolen handsamar sivile saker og straffesaker, samt saker frå jordskifterettane og skjønssaker.

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjorde i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Lønna for lagdommar er per i dag kr. 1 173 000,-.

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2%.

Ytterlegare opplysingar om embeta kan ein få ved å kontakte:

  • Gulating lagmannsrett v/kst.førstelagmann Martin Tenold, tlf. 55 69 39 41.
  • Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
  • Domstoladministrasjonen v/ avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Søknadsfrist 3. oktober 2018

Domstoladministrasjonen

Telefon: 73 56 70 00

E-post:

Web: www.domstol.no

Relaterte stillinger