To embete som tingrettsdommar ved Sogn og Fjordane tingrett

Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.
Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.
Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.

Det blir ledig to embete som tingrettsdommar ved Sogn og Fjordane tingrett. Den eine dommaren skal ha kontorstad i Førde, den andre i Sogndal. Tiltreding etter nærare avtale.

Sogn og Fjordane tingrett har for tida 18,2 årsverk, herav 9 dømmande og 9,2 saksbehandlarårsverk inkludert administrasjonssjef. Domstolen har kontor- og rettsstader i Førde og Sogndal, med hovudsete i Førde. Tingretten har også rettsstad på Nordfjordeid. I Sogndal og på Nordfjordeid er tingretten samlokalisert med jordskifteretten. Vi gjennomfører for tida ei ombygging i Førde med sikte på å ta i bruk nye lokale i samlokalisering med jordskifteretten våren 2020. Sogn og Fjordane tingrett er digital domstol.

Dommarane i Sogn og Fjordane tingrett må rekne med å gjere teneste ved alle rettsstadane.

Dei som blir utnemnt må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.  I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Vi tilbyr

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 148 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Ytterlegare opplysingar om embeta kan ein få ved å kontakte:

  • Sogn og Fjordane tingrett v/sorenskrivar Terje Mowatt, tlf. 55 69 43 00/ 992 36 323
  • Innstillingsrådet v/lagdommar Tonje Fisknes, tlf. 77 66 00 45
  • Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 10. april 2019

Domstoladministrasjonen

Telefon: 73 56 70 00

E-post:

Web: www.domstol.no

Relaterte stillinger