/Global/Advokatjobb/hoyesterett.png

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett blir leia av justitiarius. I tillegg har domstolen 19 dommarembete, eitt embete som direktør, ein assisterande direktør, 25 tilsette i juridisk utgreiingseining og om lag 25 administrativt tilsette. Høgsterett held til i Høgsteretts Hus i Oslo.

Assisterande direktør

I Høgsterett er det ledig stilling som assisterande direktør.

Det juridiske og administrative støtteapparatet i Høgsterett blir leia av direktøren. Assisterande direktør er fast representant for direktøren og hjelper direktøren på alle område, mellom anna leiing og organisasjonsutvikling, økonomistyring og internasjonalt samarbeid. Assisterande direktør må rekne med å utgreie, eller ha ansvar for utgreiing av juridiske spørsmål som gjeld Høgsterett som institusjon. Arbeidsoppgåvene er krevjande og varierte.

I tillegg til særs god juridisk kompetanse, krev stillinga svært gode leiareigenskapar og administrative evner.

Søkaren må elles ha svært gode samarbeidsevner, god kjennskap til informasjonsteknologi, god evne til å framstille seg munnleg og skriftleg, gode språkkunnskapar og stor arbeidskapasitet. Erfaring frå domstolane vil vere ei føremon.

Stillinga som assisterande direktør er lønna frå 900 000 kroner til 1 180 000 kroner pr. år, alt etter kvalifikasjonar. Ein svært godt kvalifisert person kan rekne med å bli plassert tilsvarande lagdommar.

Det er eit personalpolitisk mål at medarbeidarane skal spegle av folkesetnadsmønsteret generelt – også med omsyn til kjønn og kulturelt mangfald.

Opplysningar om søkjarane kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Ein kan få nærare opplysingar om stillinga ved å kontakte direktør Gunnar Bergby på telefon 22 03 59 02.

Søknadsfristen er tysdag 24. oktober 2017.

Send søknad elektronisk via link på denne sida.

Norges Høyesterett

Postboks 8016 Dep.

0030 Oslo

Relaterte stillinger