/Global/Advokatjobb/Regjeringsadvokaten_ny.jpg

Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig for departementa i rettssaker og gir råd til forvaltninga i rettslege spørsmål. Embetet har i dag 45 advokatar og kan by på eit godt miljø fagleg og sosialt.

Advokat/advokatfullmektig

Ledige stillingar som advokat/advokatfullmektig

Arbeidet er juridisk variert og omfattar både offentlegrettslege og privatrettslege spørsmål. Arbeidsoppgåvene er utfordrande, sjølvstendige og gjev brei røynsle i prosedyre. Det blir stilt svært høge faglege krav til søkjarane. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og evna til å fungera i rolla som prosessfullmektig for staten. Arbeidet fører med seg ein del reiseverksemd. Vi oppmodar kvinner og nyutdanna om å søkje. Årets kandidatar kan òg søkje.

Vi gjer merksam på at informasjon om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli ført på søkjarlista.

For tida er advokatfullmektigane løna i ltr. 58-74, advokatane i ltr. 68-79 og advokatane med møterett for Høgsterett i ltr. 91-96.

Ved behov for nærare opplysningar kan advokat Jørgen Vangsnes eller advokat Ingrid Skog Hauge kontaktas på telefon 22 99 02 00. Sjå òg www.regjeringsadvokaten.no.

Søknadsfrist 17. august 2018.

Regjeringsadvokaten

Universitetsgata 8

0164 Oslo

Relaterte stillinger