Ledig stilling som politiadvokat 2 - fagleiar vald og seksuelle overgrep

I Vest politidistrikt ved Felles eining for påtale, er det ledig ein fast stilling som politiadvokat 2 SKO 1543 med funksjon som fagleiar ved Seksjon for vald og seksuelle overgrep. Ved intern tilsetjing som politiadvokat 2 med funksjon som fagleiar, eller som politiadvokat 2, kan det bli ledig ein stilling som høvesvis politiadvokat 2 SKO 1543 eller som politiadvokat SKO 1245.I tillegg er det ledig eit vikariat som politiadvokat SKO 1245 frå 1.1.2020, og det kan bli ledig ytterligere eit vikariatsom politiadvokat SKO 1245 eller politiadvokat 2 SKO 1543 frå 1.1.2020 påseksjonen.

Stillinga som fagleiar vil ha eit særskilt ansvar for å bistå seksjonsleiar med fagleiing innan seksjonen sine fagområde og totale portefølje, ma. bistå med naudsynt prioritering og koordinering av arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Politiadvokat 2 og fagleiar innan vald og seksuelle overgrep
  • Vere ein kompetanseperson innan fagfeltet og bistå seksjonsleiar med saksprioriteringar, koordinering og porteføljestyring
  • Sette seg inn i nye fagfelt når det er naudsynt
  • Kunne gje råd og vere ein sparringpartnar for seksjonsleiar i faglege spørsmål
  • Påtalemessig leiing av etterforsking og andre oppgåver innan påtalespørsmål og straffesakshandsaming, i hovudsak med saker knytt til vald og seksuelle overgrep
  • Gjennomføring av aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
  • For politiadvokat 2 er det krav om minst 5 år arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller 3 års påtaleerfaring kombinert med minst 3 års relevant arbeidserfaring
  • For politiadvokat krev ein minst 1 års erfaring innan påtalearbeid, eller arbeidserfaring i 2 år som advokat eller dommarfullmektig eller tilsvarande arbeidserfaring, der straffesakshandsaming utgjer ein stor del
  • Erfaring med straffesaker innan vald og seksuelle overgrep
  • Gode IT- og systemkunnskapar
  • Gode engelskkunnskapar er ein fordel
  • Relevant tilleggsutdanning er ein fordel
  • Erfaring med større straffesaker innan vald og seksuelle overgrep, ma. drapssaker, er ein fordel
  • God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, heilskapsorientert og vise respekt
  • Vere uredd og kunne ta vanskelege avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
  • Vere ansvarsbevisst, effektiv og strukturert med evne til å ta sjølvstendige avgjerder i eigne sakar
  • Lojal mot beslutningar og prioriteringar, og kunne formidle desse vidare på ein positiv måte
  • Vere ein god samarbeids- og diskusjonspartnar for seksjonsleiar og andre interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Evne til å tenkje heilskapleg både i eigen seksjon, i påtaleeininga og i politidistriktet som heilskap

Vi tilbyr

  • Stillinga som fagleiar/politiadvokat 2 SKO 1543 blir lønna i spennet frå kr. 730.000,- til kr. 775.000,- brutto per år. Stilling som politiadvokat 2 SKO 1543 utan fagleiing blir lønna i spennet frå kr. 720.000,- til kr. 750.000,- og stilling som politiadvokat SKO 1245 blir lønna frå kr. 630.000,- til kr. 650.000,- brutto per år. Lønn er avhengig av kompetanse og ansvarsområde.
  • Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Vest politidistrikt er ei IA-verksemd

Generelt: 

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Søk stilling her

Kontaktperson
May-Britt Erstad
Seksjonsleiar
Telefon: 55 55 62 67
 
Kontaktperson
Spørsmål om elektronisk søknad/CV
Seksjon for HR
Telefon: 55 55 63 00
Vest Politidistrik

Allehelgens gate 6

5804 Bergen

Relaterte stillinger