Politiadvokat 2 - Økonomi, miljø og arbeidsmarknadskriminalitet

I Vest politidistrikt, ved Felles eining for påtale, er det ledig 1 eller fleire stillingar som politiadvokat 2 SKO 1543 ved Seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø. Stillingane vil ha særskilt ansvar for straffesaker innan økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet og arbeidsmarknadskriminalitet i Bergen og Florø. Ved behov kan det også bli aktuelt å bistå på straffesaker innan organisert kriminalitet.

Ved intern tilsetjing som politiadvokat 2 eller ved mangel på kvalifiserte søkjarar til politiadvokat 2, vil ein vurdere tilsetjing i stilling som politiadvokat SKO 1245. Arbeidsstad vil vere i Bergen eller Florø. 

Arbeidsoppgåver

  • Påtalemessig leiing av etterforsking og andre oppgåver innan påtalespørsmål og straffesakshandsaming - i hovudsak med saker knytt til økonomi, miljø og A-krimsaker
  • Leie og vere ansvarleg for etterforskinga i den enkelte sak. Dette inneber å kvalitetssikre etterforskinga, sørge for at den er planmessig og formålsstyrt og at den blir gjennomført med naudsynt framdrift
  • Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna 

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
  • For politiadvokat 2 er det krav om minst 5 år arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller 3 års påtaleerfaring kombinert med minst 3 års annan relevant arbeidserfaring
  • For politiadvokat 2 kan unntak til kravet om arbeidserfaring bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar 
  • For politiadvokat krev ein minst 1 års erfaring innan påtalearbeid, eller arbeidserfaring i 2 år som advokat eller dommarfullmektig eller tilsvarande arbeidserfaring, der straffesakshandsaming utgjer ein stor del
  • God munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk
  • Tilleggsutdanning eller brei erfaring frå fagfeltet, t.d. erfaring  frå skatte- og avgiftsrett, trygderett, miljørett, forretnings-eller forvaltningsjuss, blir vektlagt
  • God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Beslutningsdyktig og sjølvstendig - ha evne til å stole på eigen vurdering og treffe avgjerder i saker og portefølje
  • Vere ansvarsbevisst og strukturert 
  • Mål- og resultatorientert
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Stillingane blir lønna som politiadvokat 2 SKO 1543 i spennet frå kr. 720.000,- til kr. 750.000,- brutto per år eller som politiadvokat SKO 1245 i spennet frå kr. 630.000,- til 650.000,- brutto per år. Lønn er avhengig av kompetanse og ansvarsområde
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Vest politidistrikt er ei IA-verksemd

Generelt: 
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og jønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref.nr:  19/37293

Søk stilling her

Vest Politidistrik

Allehelgens gate 6

5804 Bergen

Relaterte stillinger