Ledige stillingar som politiadvokat/politifullmektig i Bergen

I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for påtale, er det ledig 1 eller fleire faste stillingar og 1 eller fleire midlertidige stillingar som politiadvokat SKO 1245. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere å ansette i stilling som politifullmektig SKO 0288. Stillingane er stadsplassert i Bergen.

Felles eining for påtale består av fem seksjonar, og det er ledig stilling ved Seksjon Hordaland, Seksjon Bergen, SAØ og FSI, Seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø og Seksjon for vold- og seksuelle overgrep. Endeleg innplassering på seksjon vil skje ved tilsetjing.

Arbeidsoppgåver

  • Påtalemessig leiing av etterforskinga i den enkelte sak. Dette inneber å kvalitetssikre etterforskinga, sørge for at den er planmessig og formålsstyrt og at den blir gjennomført med naudsynt framdrift
  • Utøve legalitetskontroll og sikre at krava til rettstryggleik og objektivitet blir ivaretatt på alle trinn i sakshandsaminga, at handsaming av den enkelte sak skjer i tråd med gjeldanderegelverk, direktiver frå overorda påtalemyndigheit og påtalemyndigheita sine etiske retningslinjer 
  • Ansvar for løpende påtalevurderingar og påtaleavgjerder i eigen saksportefølje
  • Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
  • For politiadvokat krev ein minst 1 års erfaring innan påtalearbeid, eller arbeidserfaring i 2 år som advokat eller dommarfullmektig eller tilsvarande arbeidserfaring, der straffesakshandsaming utgjer ein stor del
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
  • Vere ansvarsbevisst og strukturert
  • Evne til å arbeide effektivt og vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Stillingane blir lønna som politiadvokat SKO 1245 i spennet frå kr. 555.000 til kr. 650.000 brutto per år eller som politifullmektig SKO 0288 i spennet frå kr. 515.000 til kr. 550.000 brutto per år. Lønn er avhengig av kompetanse.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
  • Bedriftshelseteneste

Generelt 

For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.

Vi ber om elektronisk søknad via lenka.  Søk her

Kontaktperson
Gunnar Fløystad
Driftseiningsleiar
Telefon: 55 55 62 01
 
Kontaktperson
Elisabeth Soglo
Seksjonsleiar
Telefon: 481 53 844
 
Kontaktperson
For spørsmål om elektronisk CV/søknad
Seksjon for HR
Telefon: 55 55 63 00
Vest Politidistrik

Allehelgens gate 6

5804 Bergen

Relaterte stillinger