Hordaland og Sogn og Fjordane krets

Aktuelt

Tilbake til Nyheter

Ledige åremål som fast forsvarar ved Bergen tingrett

Det er ledig fem verv som fast forsvarar ved Bergen tingrett og Gulating lagmannsrett. Forsvararen er knytt til rettskrinsen, og vervet omfattar
oppdrag for begge rettsinstansane.

Vervet er personleg og omfattar plikt til å gå inn i turnusordninga for faste forsvararar ved Bergen tingrett, også i ferieperiodane.
Vervet som fast forsvarar skjer på åremål for 6 år, med moglegheit for ny oppnemning. Ny oppnemning ut over éin periode kan berre skje
når særlege grunnar tilseier det. Det gjeld ein gjensidig frist for oppseiing av vervet på 3 månader. Den øvre aldersgrensa for faste
forsvararar er 70 år.

Det blir lagt vekt på relevant praksis, faglege kvalifikasjonar og at ein er personleg eigna. Det blir òg lagt vekt på at søkjaren har kontorstad i
rettskrinsen. Mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner blir vektlagt.

Spørsmål kan rettast til Bergen tingrett ved konstituert sorenskrivar Arne Langeland, telefon 55 69 97 55.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar gjennom www.jobbnorge.no. Alle attestar og vitnemål må skannast og leggjast ved i eitt
elektronisk vedlegg.
Søknadsfrist 15.04.2018.