Høring

Forslag til ny lov om statsføretak

Adressat
Kommunal- og distriktsdepartementet
Skrevet av
Selskapsrett
Sendt 4. mars 2024

1 Innleiing

Advokatforeningens tillitsvalte advokater utfører et omfattande frivillig og ulønna arbeid for å ivareta rettsstaten, rettstryggleik og menneskerettane. En del av dette arbeidet består i å utarbeide høyringsbrev.

Advokatforeningens høyringsarbeid er organisert i 27 lovutvalg og 13 faste utval, oppdelt etter særskilte rettsområde og rettslege interesseområde. Om lag hundre høyringsbrev vart utarbeide av Advokatforeningens tillitsvalte advokater kvart år.

Alle våre høyringsbrev er forfatta av advokatar med ekspertise innanfor det rettsområdet som lovforslaget gjelder. En ekspertise som ikkje er hente berre frå juridisk teori, men frå advokatanes praktiske erfaring med å hjelpa sine klientar – i den norske rettsstatens kvardag. Dette høyringsbrevet er skreve ut frå Advokatforeningens ønske om å bidra til gode lovgjevnadsprosessar, og gode lover.

2   Sakens bakgrunn

Vi viser til høyringa til Kommunal- og distriktsdepartementet, publisert den 4. desember 2023, med høyringsfrist den 4. mars 2024. 

Høyringa gjeld forslag til ny lov om statsføretak.

Denne høyringsuttalen er utarbeidd av Advokatforeningens lovutvalg for selskapsrett. Lovutvalget består av Hedvig Bugge Reiersen (leder), Stig Berge, Karl Otto Tveter, Olav Fr. Perland, Gunn Merete Paulsen og Johan Holmen, som alle har lang erfaring og god kompetanse innanfor det aktuelle rettsområdet. 

3  Kommentarar til forslaga 

3.1  Innleiing. Bakgrunnen for kommentaren frå Advokatforeningen

Statsføretak er ei sjølvstendig organisasjonsform etablert på grunnlag av gjeldande lov om statsføretak, lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak, og som er kjenneteikna ved at staten er eineeigar og at verksemda til føretaket har som formål å oppnå statlege sektorpolitiske målsettingar. Særlege omsyn kan difor gjere seg gjeldande når føretaka sin organisasjon skal fastleggjast. Statsforetakslova er utforma ut frå ein føresetnad om at reguleringa i aksjelova ikkje fullt ut gjev eit passande organisasjonsrettsleg rammeverk for verksemda. Statsforetakslova byggjer likevel langt på veg på aksjelova (lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper), men er ikkje oppdatert med endringar som er gjort i aksjelova. Formålet med lovforslaget er å sørge for at lova legg gode og tidsmessige rammer for verksemda til statsføretaka, og at lova er i tråd med utviklinga innan selskapslovgjevinga.

Per i dag er det åtte statsføretak som vert regulert av denne lova. Det er eit grunnvilkår i lova at staten er eineeigar. Dette inneber at dotterselskap av statsføretak ikkje er omfatta av statsføretakslova. 

Staten forvaltar også eigarskapen sin gjennom både særlovselskap og selskap som er regulert av den ordinære aksjeselskapslovgjevinga. 

3.2  Endringsframlegget

Det er lagt fram eit framlegg om ei ny lov istaden for ei revidering av gjeldande lov. Det er gjort fleire endringar som følgje av eit ynskje om å gjere bestemmelsane i lova teknologi- og kjønnsnøytrale. Det er gjort framlegg om å ta inn ein formålsparagraf i lova for å tydeleggjere grunnlaget for særreguleringar i lova. Framlegget byggjer i stor grad på reglane i aksjelova, og lovteknisk er det valgt ein miks av direkte gjengjeving av lovtekst frå aksjelova på område der regelverket vert rekna til å ha stor praktisk betydning i drifta av føretaka, og tilvisingar til aksjelova for bestemmelsar som ein reknar med kun unntaksvis vil ha praktisk betydning. 

Gjeldande statsføretakslov § 24 tredje ledd tredje punktum fastset at styreprotokollen skal sendast til eigardepartementet. Departementet ber om innspel frå høyringsinstansane på om dagens bestemmelse bør vidareførast.

3.3  Advokatforeningen sine kommentarar til framlegget

3.3.1  Prinsipielle kommentarar

Etter Advokatforeningen sitt syn kan det vere grunn til å stille spørsmål ved behovet for ei eiga lov for statsføretak. Mange av dei omsyna ein vil hensynta ved ei eiga lov vil etter Advokatforeningen sitt syn kunne vore ivareteke enten gjennom etablering av særlovselskap eller ved vedtektsbestemmelsar for selskap regulert av gjeldande aksjelovgjeving. Statsføretaka si eventuelle verksemd etablert i datterselskap vil i alle tilfelle vere regulert av den alminnelege aksjelskapslovgjevinga. Advokatforeningen vel likevel å ikkje problematisere dette då det framgår av utgreiinga og høyringsnotatet at organisasjonsforma og gjeldande statsføretakslov vert vurdert som tilfredsstillande av både føretaka og eigar.

Overordna støttar Advokatforeningen i all hovudsak forslaget til ny statsføretakslov. Advokatforeningen merkar seg at lova sin regulering av foretakskapitalen og beskyttelsen av denne av omsyn til føretaket sine kreditorar og andre tredjepartsinteresser er bygd ut sammanlikna med eksisterande lov, og meiner dette prinsipielt sett er eit viktig grep. 

3.3.2  Formålsbestemmelsen, lovforslaget § 1-2

Advokatforeningen støttar forslaget om å ta inn ein formålsbestemmelse som tydeleggjer grunnlaget for skilnader mellom statsføretakslova og aksjelovgjevinga. Den foreslåtte utforminga er etter Advokatforeningen si oppfatning likevel ikkje eigna til å oppnå dette. For det fyrste er det statsføretaka sine oppgåver innanfor viktige, sektorpolitiske, område som grunngjev den særlege føretaksforma. Dette tilseier at det framgår av formålsbestemmelsen at formålet med statsføretakslova er å organisere statlege verksemder med ei sektorpolitisk oppgåve, for å bidra til at slike oppgåver kan gjennomførast på ein hensiktsmessig måte. 

For det tilfellet at lovgjevar ikkje tar inn ei tilvising til statsføretak sine sektorpolitiske formål i formålsparagrafen, er den foreslåtte formålsparagrafen etter Advokatforeningen sin meining likevel dels nokså intetsigande, fordi den med setninga "formålet med lova er å organisere dei føretaka Kongen har vedteke skal vere statsføretak, jf. § 1-1" ikkje seier meir enn det som allereie følgjer av forslaget til § 1-1. Når det gjeld forslaget til § 1-2 andre punktum, så er det Advokatforeningen sitt inntrykk at lova har eit formål som strekker seg langt utover det å legge til rette for ei saksbehandling som er tilpassa at statsføretak berre kan eigast av staten. Det må leggast til grunn at det sentrale formålet med lova, i likhet med formålet med for eksempel aksjelovene, er å beskytte føretaket sin kapital i samsvar med foretakskreditorane sine interesser og å etablere ein passande ledelsesstruktur. Særleg omsynet til tredjeparts interesser gjer at det kan stillast spørsmål ved om tilvisinga til omsynet til "effektiv ivaretakelse av statsføretakets virksomhet" eigentlig er særleg heldig. Advokatforeningen siktar her særleg til at omsynet til eigar sine behov for effektiv verksemdutøving frå lovgjevar si side ikkje utan vidare gjev gjennomslag ved utforminga av øvrig lovgjeving om organisering av næringsverksemd. Tvert om er det Advokatforeningen sitt inntrykk at formålet ved utforminga av slik lovgjeving er å ivareta eigar sine interesser og tredjepart sine interesser på ein balansert måte. Ved å innta ei tilvisning til effektiv verksemdsutøving i formålsparagrafen kan dette ved tolkningstvil takast til inntekt for at dette omsynet skal gjevast forrang framfor for eksempel omsynet til kreditorinteresser. 

Advokatforeningen støttar på denne bakgrunn ikkje den foreslåtte formålsbestemmelsen, men foreslår ei utforming i samsvar med forslaget frå Advokatfirmaet BAHR som etter Advokatforeningens oppfatning gir ei hensiktsmessig avgrensing av lovformålet.   

3.3.3  Oversending av styreprotokollar til eigardepartementet, lovforslaget § 5-28 (4)

Lovreguleringa av at styreprotokollar skal sendast eigardepartementet bryt med alminnelege prinsipp om forholdet mellom eigar og styre. Den praktiske gjennomføringa av eigardialogen bør kunne handterast ved dialog mellom styret og eigardepartementet, som på grunn av statens eineeige og det sektorpolitiske formålet med verksemda som vert drive gjennom statsføretak i praksis spelar ei særleg stor rolle. Advokatforeningen sluttar seg til det som advokatfirmaet BAHR skriv om dette spørsmålet, og meiner på det grunnlag at bestemmelsen bør takast ut av lovframlegget. 

3.3.4 Tilvisningar til aksjelova

Advokatforeningen meiner det er eit uheldig lovteknisk val å bruke tilvisingar til enkelte bestemmelsar i aksjelova samtidig som ein andre stader tek inn lovbestemmelsar frå aksjelova i statsføretakslova. Noko av grunnlaget for at det er behov for ein lovrevisjon er at det er gjort endringar i aksjelova som ikkje er fulgt opp i gjeldande statsføretakslov. Ein må kunne legge til grunn at reglane i aksjelova vil vere godt kjent for både leiing og styremedlemmar i statsføretaka, og Advokatforeningen meiner ein gjennomgåande burde ha brukt tilvisningar til aksjelova istaden for å skrive inn heile eller delar av lovteksten. På den måten ville praktisk viktige endringar i aksjelova blitt gjeldande også for statsføretaka utan behov for eigen lovendringsprosess. 

4  Avslutning

Oppsummert meiner Advokatforeningen at det er riktig å vedta ei ny lov istaden for å gjere store endringar i gjeldande lov. Overordna støttar Advokatforeningen i all hovudsak forslaget til ny statsføretakslov. Advokatforeningen merkar seg at lova sin regulering av foretakskapitalen og beskyttelsen av denne av omsyn til føretaket sine kreditorar og andre tredjepartsinteresser er bygd ut samanlikna med eksisterande lov, og meiner dette prinsipielt sett er eit viktig grep.

Advokatforeningen meiner bestemmelsen om oversending av styreprotokollar til eigardepartementet i forslaget § 5-28 (4) bør takast ut av forslaget, og at den foreslåtte formålsbestemmelsen bør endrast til ei utforming som samsvarar med framlegget frå Advokatfirmaet Bahr. 

Advokatforeningen meiner også at ein gjennomgåande bør bruke tilvisingar til aksjelova istaden for den kombinajonsløysinga som no er valt.  


                                                       Vennleg hilsen

 

Jon Wessel-Aas                                                                           Merete Smith
leder                                                                                              generalsekretær