Deltakerforskrift 2025
1 Innleiing
Advokatforeningens tillitsvalte advokater utfører et omfattande frivillig og ulønna arbeid for å ivareta rettsstaten, rettstryggleik og menneskerettane. En del av dette arbeidet består i å utarbeide høyringssvar.
Advokatforeningens høyringsarbeid er organisert i 27 lovutval, oppdelt etter særskilte rettsområde og rettslege interesseområde. Om lag hundre høyringssvar vart utarbeide av Advokatforeningens tillitsvalte advokater kvart år.
Alle våre høyringssvar er forfatta av advokatar med ekspertise innanfor det rettsområdet som lovforslaget gjelder. En ekspertise som ikkje er hente berre frå juridisk teori, men frå advokatanes praktiske erfaring med å hjelpa sine klientar – i den norske rettsstatens kvardag. Dette høyringssvaret er skreve ut frå Advokatforeningens ønske om å bidra til gode lovgjevnadsprosessar, og gode lover.
2 Bakgrunnen for saka
Vi viser til Fiskeridirektoratet sitt høyringsbrev av 29. september 2024 med høyringsfrist 6. november 2024.
Høyringa gjeld forslag til ny deltakarforskrift for 2025. I år gjeld høyringa òg oppfølging av delar av Meld. St. 7 (2023–2024), «Kvotemeldinga», som Stortinget handsama 30. april 2024.
Dette høyringssvaret er utarbeidd av Advokatforeningen sitt lovutval for fangst, fiskeri og havbruk. Medlemmane i lovutvalet er advokatane Gerd Aaland Fagerli (leiar), Tore Fjørtoft, Kenneth Mikkelsen, Erik Staurset Andresen og Ask Økland, som alle har lang erfaring og god kompetanse innanfor det aktuelle rettsområdet.
3 Kommentarar
Stortingsvedtak 587 (2023–2024) seier at «Stortinget ber regjeringen innføre eierskapsbegrensninger i kystfisket etter andre arter enn torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord i tråd med Meld. St. 7 (2023–2024)».
I vedtak 588 (2023–2024) står det at «Stortinget ber regjeringen utarbeide særskilte regler i forbindelse med innføring av eierskapsbegrensninger for kystgruppen som blant annet sikrer at de som lå over på dato for fremleggelse av Meld. St. 7 (2023–2024), kan beholde eierandel med nødvendig fleksibilitet. Reglene skal også inneholde tidsbegrensninger for hvor lenge man kan ha redusert andel før denne gjøres gjeldende som ny maksimalgrense.» (Understreking her.)
I forslaget til vilkår for å delta i lukka gruppe blir det mellom anna foreslått at reiarlag ikkje kan «direkte eller indirekte ha deltageradgang i fiskerier etter denne bestemmelsen for flere fartøy enn det antall fartøy som til sammen vil bli tildelt inntil 1,5 % av gruppekvoten for det enkelte fiskeslag», sjå til dømes forslag til ny § 12 andre ledd.
For dei som låg over på dato for framlegging av Kvotemeldinga, kan det verke som om forslaget går ut over føringane som følgjer av Stortinget sitt vedtak nr. 588 (2023–2024) om «å sikre at de som lå over på dato for fremleggelse av Meld. St. 7 (2023-2024) kan beholde eierandelen med nødvendig fleksibilitet.». I så fall er forslaget ikkje er i samsvar med dei føringane som Stortinget har gjett.
I tillegg vil det vere behov for at direktoratet presiserer korleis ein konkret skal tolke og praktisere reglane om eigarskapsgrenser, slik at det i praksis ikkje oppstår tvil om ei eigarsamansetjing er i samsvar med eller i strid med reglane.
Vidare kan Advokatforeningen ikkje sjå at konsekvensane av forslaget er nærare utgreia.
Advokatforeningen rår til at desse tilhøva blir avklart før denne delen av forskrifta eventuelt blir vedtatt.
Venleg helsing
Siri Teigum Merete Smith
leiar generalsekretær