Arrangement

Barnefagleg seminar

Haugaland og Sunnhordland tingrett inviterer til barnefagleg seminar

Tema 1: Samværsordningar for små barn (0-3 år)

  • Forsking om samværsordningar for små barn
  • Faglege perspektiv og kunnskap om små barn
    som grunnlag for vurderingar om samvær.
  • Innverknaden av foreldrekonflikten på dei yngste borna og kva konsekvensar bør det ha for samvær.
  • Samvær, delt fast bustad og foreldresamarbeid for små barn i  høgrisikofamiliar.

Tema 2: Samværsvegring

  • Korleis kan ein forstå barns avvising av kontakt med far eller mor?
  • Kva omgrep kan vera nyttige og kva om grep kan vera problematiske?
  • Bakgrunnen for dei faglege kontroversane om barn som avviser sine foreldre og kva forsking seier om dette.

Det vil bli føredrag av psykolog Jartrud Frafjord, psykolog Frode Thuen og psykolog Katrin Lemjan. I tillegg vil det bli paneldebatt der advokat Ingrid Lauvås deltar.


Jartrud S Frafjord er utdanna psykolog og har 11 års erfaring som meklar og terapeut i familievernet. Hun har også fleire års erfaring som barnefagleg sakkunnig i foreldretvistar. Hun er leiar for Bufetats nasjonale spisskompetansemiljøet for barn og unge i familievernet og har særleg kompetanse på langvarige foreldrekonfliktar og konsekvensane det kan ha for foreldre og barn. Frafjord har skreve Bufetat sin rettleiar for samtaler med barn i mekling, og Bufdir sin rettleiar om samværsvegring. Ho har undervist mykje for familievern, barnevern og domstolar om m.a. samværsvegring og samværsordningar for dei minste borna (0-3 år). Hun skriv no på ein ny rettleiar om samværsvegring, som m.a. vil innehalde ei sjekkliste for utredningar av årsaker til langvarig stans i samvær.

Frode Thuen er psykolog og professor i psykisk helsevern ved Høgskolen på Vestlandet, og ein av landets mest profilerte samlivsekspertar. Han har m.a. forska på konfliktfylte samlivsbrot, inklusiv krevjande foreldre-barn relasjonar, sidan slutten av 1990-tallet. Han har også vore ekspertvitne og sakkunnig i ei rekke foreldretvistar for domstolen der barn har nekta samvær med ein av foreldra. Han var elles med i det regjeringsoppnemnte Barnelovsutvalet i forkant av endringene av barnelova i 2009.

Katrin Lemjan er psykologspesialist i klinisk samfunnspsykologi, med vidareutdanning i relasjonelt arbeid og sakkunne, tilknyting og samspel. Katrin har jobba mest med dei minste borna og deira foreldre, m.a. gjennom mange år ved foreldre-barn-senter. Observasjonar av dei mest sårbare borna i samspel med sine foreldre over tid har gitt verdifull erfaring i korleis ein kan tolke og forstå dei minste bornas behov, og korleis tilknytinga blir forma. Katrin har også i mange år arbeida som sakkunnig i barneverns- og barnelovssaker, og som fagkunnig meddommar. Katrin arbeidar også i SamSteg, som gir rettleiing til tilsette i emosjonelt krevjande arbeid.

Her kan du sjå heile invitasjonen frå tingretten.

Haugaland og Sunnhordland krets: Barnefagleg seminar

  • Arrangement

Arrangør
Haugaland og Sunnhordland tingrett
Hvor
Quality Hotel Maritim, Haugesund, Åsbygata 3, 5528 , HAUGESUND
Dato
Tid
09:00 - 16:00
Pris medlemmer
Kr 1000
Pris andre
Kr 1000

Påmeldingsfristen er passert

Prisen er inkludert lunsj.

Tingretten vil søkja advokatforeininga og psykologforeininga om å få seminaret godkjent som etterutdanning.